svardal@kva.no

solveig svardal
•
•
•
•
•
•
•
•
•
•
•
•
•
•
•
•
•
•
•
•
•
•
•

								
> bakgrunn Nærmare 70% av nordmenn har tilgang til Internett. Omlag halvparten er på nett kvar veke, og så mange som 40% har handla på nett minst ein gong. Svært mange famlar mykje for å finne fram.

Bonde og Småbruker startar det nye året med ei ny fast spalte. Hensikten er at du som lesar skal få inspirasjon til å reise til nye stader på Internett, for å bli betre kjent, for å finne noko som kan vere til praktisk nytte, - men også for å ha det litt moro.

Denne gongen vil vi følgje opp det som er tema for avisa; skogbruk.

www.skoginfo.no
er ein portal med informasjon om og for skog- og utmarksnæringa. Den er retta både mot den som ferdast i skog og mark, og mot den som hentar inntekt gjennom bruk av naturens ressursar. Den er eigd og driven av skogeigarorganisasjonen NORSKOG.

Portalen er i hovudsak delt inn i to delar: Informasjon og marknadsplass. På marknadsplassen kan du leige jaktterreng eller kjøpe vedkløyvar. Skoginfo.no gir deg dessutan oversikt over lover og forskrifter, gode nyheiter og ein god faktaoversikt om norsk skogbruk.

Faktadelen er kanskje vel så oversiktleg på ein del andre nettstader, som tildømes

www.skogsnorge.no
som skal vere hovudportalen inn til norsk skogbruk på nett. Den blir driven av Skogbrukets Kursinstitutt på Honne, men er eigd av dei fleste organisasjonar og forvaltingsorgan for skogbruket i fellesskap. Her kan du også stille spørsmål direkte til ein skogforskar, eller følgje med på kva som skjer av kurs og arrangement innafor skogbruket i Noreg.

medlemsorganisasjonar
Mange organisasjonar og bransjegrupper har eigne sider. Eit par eksempel kan vere www.sagbruk.no, og www.juletre.org. Hovudintensjonen med desse sidene er medlemsinformasjon, og til ein viss grad, om enn litt usystematisk og kanskje rotete, forsøk på marknadsføring og sal av eigne produkt.

www.treportalen.no
er eit mykje meir profesjonelt utstillingsvindu og ein handelsplass for over 300 produsentar i Hedmark og Oppland, som det er verdt å besøke.

Lære med skogen
har eigne sider, som du kan besøke på www.skogkurs.no. Vil du heller leike med skogen, kan du prøve å bli med Ekornette på konglesanking. Du finn dette spelet på nettforlaget.net/ekorn/cgi-bin/spill.shtml. Er du meir aksjonsorientert, prøv The Flying Cow eller "Kukastaren" på www.flingthecow.com/flash/.

Visste du at….
kvinnene tar over på nettet (også)? 29 millionar amerikanarar handla julegåvene sine på nett i 2001. Kvar fjerde internettbrukar handla på nett (mot kvar 5. i 2000). 58% av netthandlarane var kvinner.




Har du tips?
Send ein E-post dersom du har nyttige tips til denne spalta.

Prøv kukasting her

> prosjekt
> tekstar
> e
> nettnytt
send ein E-post
eLandhandelen