svardal@kva.no

solveig svardal
•
•
•
•
•
•
•
•
•
•
•
•
•
•
•
•
•
•
•
•
•
•
•

								
> bakgrunn Landbruket har lang tradisjon for etter- og vidareutdanning knytt til kortare kurs. Skal du utdanne deg, er nettet ein god plass å orientere seg om kurstilbod, og det er eit nytt, og stadig meir brukt læringsrom.

www.naturbruk.no
marknadsfører jobbmuligheiter innan naturbruk. Sidene gir oversikt over utdanningstilboda, kva du kan bli, og den lar deg som brukar møte menneske som har studert naturbruk og blitt noko.

www.ebkurs.no
er eit tiltak som alle landets fylke burde ta etter trøndelagsfylka (eller nokon burde lage ein portal for heile landet). Her er ein samla oversikt over såkalla EB-kurs (etterutdanningskurs for bønder) i Nord- og Sør-Trøndelag. Tilbodet omfattar kurs både innan tradisjonelt landbruk og nye landbrukstilknytta næringar, og det er sjølvsagt lagt opp til påmelding direkte via nettet.

e-læring og nettstudier
gir friheit og fleksibilitet, som er viktig for vaksne studentar som vil ta etter- eller vidareutdanning. Studieformen egnar seg godt for den som ønskjer å ta ei utdanning, men ikkje kan ta fri frå jobben, reise til ein utdanningsstad, eller frigjere seg frå omsorgsoppgåver eller andre forpliktelser.

Lurer du på korleis slike studiar går føre seg, kan du få ein kikk inn i klasserommet på landets største nettskule NKI. Dette er dessverre ingen presentasjon som bidrar til å auke lysta til å lære noko nytt. Det ser rett og slett frykteleg einsamt ut. Men kanskje kan det vere ei spire til å utvikle læringsrom som kombinerer nettstudier med fysiske møte eller samlingar?

Frå hausten av vil NORSØK i samarbeid med Norsk Bonde- og Småbrukarlag og OIKOS gi alle bønder som ønskjer å legge om til økologisk produksjon tilbod om gratis nettbasert kurs, kombinert med praktiske samlingar.


Treng du hjelp til finansane kan www.legathandboken.no, med oversikt meir enn 2.200 stipend og legat, truleg til ein samla årleg verdi på over 500 millionar skattefrie kroner. vere ein god hjelpar.

Mens du lurer på kva du skal bli kan du slå ihjel litt tid som mjølkespannkastar.

Eller du kan ta den meir pedagogiske og barnevenlege varianten med solsikkespelet til SOS Barnebyer. Her er bodskapen enkel: Gi Solsikka di vatn og gjødsel kvar dag og berg henne frå ugras og skumle krypdyr (utan sprøytemiddel). Steller du godt med henne, vil ho vokse seg stor og sterk, og du bli til slutt utfordra til å bli fadder til eit barn som treng slik omsorg.


Visste du at….
kvinnene tar over på nettet (også)? 29 millionar amerikanarar handla julegåvene sine på nett i 2001. Kvar fjerde internettbrukar handla på nett (mot kvar 5. i 2000). 58% av netthandlarane var kvinner.




Har du tips?
Send ein E-post dersom du har nyttige tips til denne spalta.

Prøv solsikkespelet her

> prosjekt
> tekstar
> e
> nettnytt
send ein E-post
eLandhandelen