svardal@kva.no

solveig svardal
•
•
•
•
•
•
•
•
•
•
•
•
•
•
•
•
•
•
•
•
•
•
•

								
> bakgrunn Handel via Internett var av mange spådd ei lysande framtid for få år sidan, og vi såg ei omfattande etablering av nettbutikkar, som nesten alle lei same skjebne: konkurs. Mykje av forklaringa på denne såkalla dot.com-døden heng saman med at mange av selskapa ikkje hadde nokon forretningside utover det å drive e-handel, i mange tilfelle mangla til og med varene som skulle seljast.

No ser vi igjen at utsiktene til auka omfang av e-handel er gode. Kundane har aukande tillit til slik handel, og er også mykje mindre redde enn tidlegare for å legge frå seg personleg informasjon på nettet.

MMI og e-forum følgjer løpande med i utviklinga, publisert som e-barometer.

Mat er ikkje på e-handelstoppen. e-barometeret viser at 395.000 har handla flybillettar på nett minst 1 gong, og 38.000 har handla mat. Likevel er det mykje som tyder på at omfanget vil auke. Vi veit at interessa for spesialitetar og mangfald er aukande, særleg i gruppa med høgast inntekt og moderne livsstil, og ikkje minst er det no fleire kvinner enn menn som handlar på nett. Mange av dei nye spesialitetane er ikkje tilgjengelege i dei ordinære daglegvarebutikkane, og nettet kan bli ein viktig kanal for både marknadsføring og salg.

www.aarstiderne.com
er Danmarks største e-varehus for økologiske matvarer. Kvar veke handlar 25.000 faste abonnentar økologiske varer som blir levert på døra. Kundane til Aarstiderne er hovudsakleg faste abonnentar på matkasser. På nettet kan dei velje mellom ulike kasser med ulikt innhald, alt frå grønnsaker til FastGood, som inneheld alt du treng til 3 måltid. Og innhaldet varierer sjølvsagt med årstidene. I tillegg til e-handel har Aarstiderne eigen tradisjonell butikk i Århus, og dei har skulekjøken, temakveldar og andre aktivitetstilbod som skal auke interessa for mat og matlaging.

www.direktemat.com
er eit lite norsk eksempel på nokre bønder i Østfold og Akershus som har gått saman om å marknadsføre økologiske varer via Internett. Også dei kjører varene direkte heim til deg om du bur.

www.norsk.gardsmat.org
Norsk Gardsmat organiserer omlag 200 bønder som produserer gardsmat, og omset den direkte frå garden i eigne gardsbutikkar. Dei presenterer produsentar og produkt på heimesidene sine, som dessverre er dårleg oppdaterte. Til enkelte av produsentane er det kopla enkle bestillingsrutinar.

Visste du at….
70 % av befolkninga har tilgang til Internett
52 % bruker Internett aktivt, dvs minimum 1 gong i veka
37 % har handla på nett (ekskl banktenester)
36 % seier dei vil handle dei neste 12 månadene






Har du tips?
Send ein E-post dersom du har nyttige tips til denne spalta.

> prosjekt
> tekstar
> e
> nettnytt
send ein E-post
eLandhandelen