svardal@kva.no

solveig svardal
•
•
•
•
•
•
•
•
•
•
•
•
•
•
•
•
•
•
•
•
•
•
•

								
> bakgrunn Stadig fleire bønder ser nytten av å vere på nett. Mange lagar sine eigne heimesider, anten for å marknadsføre eigne produkt, formidle ein bodskap om norsk landbruk, eller rett og slett for å teste ut dei nye muligheitene. Anten du har det eine eller andre motivet for å komme opp og ut på nett er det fornuftig å tenke gjennom ein del sentrale spørsmål, som
> Kvifor skal DU vere på nett?
> Kva slags nettenester skal DU tiby?
> Kva for brukarar skal nettstaden rette seg mot?
> Kva skal få brukaren til å besøke nettstaden?
> Kva vil få brukaren til å foretrekke DIN nettstad framfor konkurrenters nettstad?
> Korleis kan vi sikre tilbakemelding frå brukarane, og løpande evaluering / oppdatering av sidene?

Dette skal vi komme tilbake til i dei neste 2 utgåvene av nett på sak. I dag skal vi besøke nokre bønder på nett.

Gardane Bakken og Steinbru i Tysvær kommune har som filosofi å gjere det lettare for forbrukaren å få tak i saue- og storfekjøt av høg kvalitet. Gjennom internettsidene får forbrukaren kjennskap til kor og korleis maten blir produsert. Sidene er lekre, lette å finne fram på og informative. Eit døme som fleire kunne ha nytte av å lære litt av.

Gangstad Gardsysteri sine heimesider får vi oversikt over Gangstadostane, og oppskrifter på enkle osterettar. Astrid Aasen produserer dei beste av landets ostar, og kunne utan å skamme seg ha reklamert med alle premiane sine, og også gjort meir ut av desse sidene.

Fausko Skysstasjon produserer sine eigne heimesider på www.fausko.no. Heimeproduksjon er ein bevisst strategi for å sikre at det heile tida er samsvar mellom verksemdas filosofi og det biletet som blir vist. Fausko skal no fornye den grafiske profilen sin, og det vil også få følger for heimesidene. Vi ventar i spenning på eit meir moderne uttrykk, som samstundes ivaretar tradisjonen på staden.

Anita Øygard på øya Reksta skriv dagbok på nett der ho fortel om livet på garden i havgapet. Her kan du i tekst og bilete følge lamming, flytting av veksthus, luftige fjellturar og daglegliv.

Ein annan variant av gardsliv på nett finn du på fuv.hivolda.no/prosjekt/fuvastri. Her har astrivin@online.no som svar på ei studentoppgåve i IT laga nokre sider som er tenkt å vere til hjelp når elevane i grunnskulen skal få kjennskap til livet på ein gard.


Puslespel med gardsmotiv fin du her.


Visste du at….
70 % av befolkninga har tilgang til Internett
52 % bruker Internett aktivt, dvs minimum 1 gong i veka
37 % har handla på nett (ekskl banktenester)
36 % seier dei vil handle dei neste 12 månadene






Har du tips?
Send ein E-post dersom du har nyttige tips til denne spalta.

> prosjekt
> tekstar
> e
> nettnytt
send ein E-post
eLandhandelen