svardal@kva.no

solveig svardal
•
•
•
•
•
•
•
•
•
•
•
•
•
•
•
•
•
•
•
•
•
•
•

								
> bakgrunn Stadig fleire småbedrifter ser nytten av å vere på nett. Anten du har det eine eller andre motivet for å komme opp og ut på nett er det fornuftig å tenke gjennom ein del sentrale spørsmål.

Kvifor skal DU vere på nett?
Er svaret ditt "fordi alle andre er der", bør du sette deg ned og tenke ein gong til. Du bør ha ei målsetting for kva du vil oppnå ved å vere der. Det kan vere at du vil marknadsføre verksemda og produkta dine, selge varer, komme i kontakt med nye kunder eller alliansepartnarar.

Kva slags nettenester skal DU tiby?
Dette er sjølvsagt veldig avhengig av kva som er målsettinga med å vere på nett. Ofte vil det vere lurt å bygge nettstaden gradvis ut. Som eit minimum bør du legge ut litt informasjon, både som tekst og bilete, om verksemda, og sørge for at brukaren får informasjon om korleis verksemda di kan kontaktast, - eit slags lite visittkort. Ein enkel E-postgenerator er viktig for å skape den første dialogen. Seinare kan det vere aktuelt med muligheiter for å bestille både brosjyrer og varer, og å binde tettare relasjonar til brukarane / kundene.

Kva for brukarar skal nettstaden rette seg mot?
Hugs på at kva du skal formidle, og korleis du formidlar det er avhengig av kven du skal formidle til. Difor er det viktig å sette opp ei liste over målgruppene: er det kundar, leverandørar, eller rett og slett allmenheiten. Dei stiller ulike krav. Å tru at ein kan formidle alt til alle, på same måten, gir som regel som resultat at ingen får noko.

I neste utgåve av nett på sak går vi vidare og ser på:
Kva skal få brukaren til å besøke nettstaden?
Kva vil få brukaren til å foretrekke DIN nettstad framfor konkurrenters nettstad?
Korleis kan vi sikre tilbakemelding frå brukarane, og løpande evaluering / oppdatering av sidene?


Hjelp på nett
Det beste rådet ein kan gi ein nybegynnar er truleg: surf. Sjå kva andre har gjort. Gjer deg opp ei meining om kva som fungerer bra og kva som fungerer dårleg på andres nettstader. Det kan vere lurt å både sjå på nettstader for tilsvarande bedrifter som di eiga, men også på nokon som driv med heilt andre ting. www.firma.no har som føremål å vere ein møteplass på Internett for småbedrifter, der det er gratis tilgang til nyttig informasjon. Dei har lagt stor vekt på hjelp til profilering på Internett, og dersom du registrerer deg på portalen får du nyttig tilgang, både til lesestoff og linkar til andre nettstader, som tilbyr gratis sidemalar, og gratis grafikk. Ein annan inngang til strategisk stoff er www.estrategi.no. Er du notorisk gjerrig, og glad i sjå på kva andre har gjort, bør du sjekke www.gjerrigknark.com og www.gratisnett.no, som kvar på sin måte lever av og for gratis formidling av Internettverktøy.

(Artikkelen er basert på Nina Furus bok: redigering for web)

Visste du at….
70 % av befolkninga har tilgang til Internett
52 % bruker Internett aktivt, dvs minimum 1 gong i veka
37 % har handla på nett (ekskl banktenester)
36 % seier dei vil handle dei neste 12 månadene






Har du tips?
Send ein E-post dersom du har nyttige tips til denne spalta.

> prosjekt
> tekstar
> e
> nettnytt
send ein E-post
eLandhandelen