svardal@kva.no

solveig svardal
•
•
•
•
•
•
•
•
•
•
•
•
•
•
•
•
•
•
•
•
•
•
•

								
> bakgrunn I sist nummer starta vi med å gå gjennom ein del sentrale spørsmål du bør tenke på dersom du vil opp og ut på nett med verksemda di:
> Kvifor skal DU vere på nett?
> Kva slags nettenester skal DU tiby?
> Kva for brukarar skal nettstaden rette seg mot?

Kva skal få brukaren til å besøke nettstaden din?
Dette er den første vurderinga av brukarane / kundane dine. Hugs at for at brukarane skal komme til nettstaden din må dei gjere ei aktiv handling, det er ikkje noko dei får med seg i forbifarten, slik som radio, fjernsyn og avisa til naboen på toget. Brukaren må sjå ein konkret nytte- eller underhaldningsverdi ved besøket.

Kva vil få brukaren til å foretrekke DIN nettstad framfor konkurrenters nettstad?
Skal du kunne svare på dette spørsmålet må du finne ut kva konkurrentane dine driv med. Har du ei reiselivsverksemd, kan det vere nyttig å samanlikne din nettstad med dei viktigaste konkurrentane sine, ved å gå systematisk gjennom spørsmål som:
> Kor mange bilete av verksemda?
> Kor godt blir historia fortalt?
> Muligheit for booking?
> Muligheit for å sende Epost med spørsmål?
> Muligheit for å bestille brosjyrer?
> Blir billigsalg og rabattordningar marknadsført (-er det forresten utan vidare eit pluss?)

Korleis gjer vi nettstaden brukarvenleg?
Det kan aldri seiast ofte nok: Å bruke ein nettstad MÅ vere enkelt. Nettstaden bør vere så sjølvforklarande og logisk oppbygd at brukaren kan bruke den utan å måtte tenke og analysere. Vi ser dette tydeleg på nettstader som tilbyr handel. Ein stor del av igangsette handlar blir avbrotne før dei er ferdige, i all hovudsak fordi dei er for vanskelege eller tidkrevande.

Informasjon på ein nettstad blir ikkje lesen frå A til Å, frå øverst til nederst. Lenker til andre eigne sider eller sider på andre nettstader gjer at brukaren kan hoppe fram og tilbake som den sjølv lystar. Då må det vere enkelt å finne tilbake til utgangspunktet.

Hastigheit og stabilitet er også viktig for brukaren. Bruk lett grafikk, få og lyse fargar, og sørg for at det er eit system på nettstaden din som er gjenkjenneleg på alle sidene.


Vil du lese meir?
Nina Furu, webredaktør og online spaltist, er forfattar av boka "redigering for web". Den er nyttig for alle som tenker å kome seg på nett med verksemda si, eller som skal ha ansvar for ein nettstad.

Visste du at….
70 % av befolkninga har tilgang til Internett
52 % bruker Internett aktivt, dvs minimum 1 gong i veka
37 % har handla på nett (ekskl banktenester)
36 % seier dei vil handle dei neste 12 månadene






Har du tips?
Send ein E-post dersom du har nyttige tips til denne spalta.

> prosjekt
> tekstar
> e
> nettnytt
send ein E-post
eLandhandelen