svardal@kva.no

solveig svardal
•
•
•
•
•
•
•
•
•
•
•
•
•
•
•
•
•
•
•
•
•
•
•

								
> bakgrunn Oppskrifter
Rundt om i landet er det mange lag, foreiningar og enkeltpersonar som samlar og tar vare på norske tradisjonsmatoppskrifter. Dessverre er lite av dette tilgjengeleg for folk flest. Med unntak av nokre få bøker, er det gitt et eit hundretals hefte og småtrykk som ikkje finn vegen ut frå forfattarens eige lokalmiljø.

Det ynskjer www.norsktradisjonsmat.no å gjere noko med. Intensjonen med denne nettstaden er å få samla og katalogisert flest mulig av dei mange tradisjonsoppskriftene vi har i landet, før dei går i gløymeboka. Dette er ei side alle som er opptekne av mat og mattradisjonar burde ha eit bokmerke til. Oppskriftene er sortert på ulike kategoriar og kan hentast fram fylkesvis.

Gammalost
Ellers er jo Internett staden der alle sære lag og interesseorganisasjonar kan profilere seg. Eit interessant døme er Gammalostens Venner i Amerika (Friends of Oldcheese (Cheese of the Vikings)).

Har du installert Real Player på maskina di kan du glede deg over The Gammalost Song.

Stølsliv
Norsk Seterkultur har ei teneste der alle som driv seter kan legge ut gratis informasjon. Av dei få av desse som har sine eigne heimesider er nok Ulsåkstølen til Anne Ulsaker Brækken i Hemsedal den beste. Gammelsetra i Grøvudalen har ei innhaldsrik, men dårleg designa og strukturert side.

Ystekurs og stølskurs finst det mange av om somrane. Både Norsk Gardsost og Norsk Seterkultur har god oversikt over arrangementa.

Mjølkespannkasting
Mjølkespannkasting er ein tradisjon som ofte blir henta fram på stølstreff og festivalar, - og på Internett. Sjekk ferdigheitene dine på http://nettforlaget.net/spill/melkespann/start.shtml?/cgi-bin/.

Visste du at….
70 % av befolkninga har tilgang til Internett
52 % bruker Internett aktivt, dvs minimum 1 gong i veka
37 % har handla på nett (ekskl banktenester)
36 % seier dei vil handle dei neste 12 månadene






Har du tips?
Send ein E-post dersom du har nyttige tips til denne spalta.

> prosjekt
> tekstar
> e
> nettnytt
send ein E-post
eLandhandelen