svardal@kva.no

solveig svardal
•
•
•
•
•
•
•
•
•
•
•
•
•
•
•
•
•
•
•
•
•
•
•

								
> bakgrunn Teori og praksis er ikkje alltid det same, det er vel derfor tidsskrift om jakt, fiske og friluftsliv har så store opplag. Ein del av desse er etterkvart også godt profilert på nett. Både Jeger- og Fiskerforbundets Jakt og Fiske og magasinet Friluftsliv har svært innhaldsrike nettutgåver. Jeger- og Fiskerforbundet har i følge Norsk Gallup den mest besøkte internettsida innafor tema natur og miljø.

Mange meiningar
Norsk Gallup Institutt følgjer opinionens haldningar og åtferdsmønster innafor mange ulike område. Utdrag av natur- og miljøbarometeret, som viser opinionens haldningar til friluftsliv, jakt, fiske, motorisert ferdsel i utmark, samt rovdyr, er å finne på Norges Jeger- og Fiskerforbunds internettsider.

Ikkje fullt så seriøse gallupar er å finne på magasinet Friluftslivs sider. Her er det lesarane som uttaler seg. Lurer du på kva dei meiner om at lokalpolitikarane i Finnmark ønskjer meir liberale reglar for ferdsel med snøscooter utanfor løyper, kan du klikke inn her.

Utstyret
må vere i orden, sjølv for det enkle friluftslivet. Her er det mange muligheiter, både til å lese utstyrstestar, og til å gjere gode kjøp på nett etterkvart. Friluftsliv har kanskje dei mest grundige testane. Men den beste butikken finn du truleg på www.sportsnett.no.

God tur
Den norske Turistforening sine sider er fulle av gode turforslag, både for den som vil gå aleine, og den som vil vere med på arrangerte turar. Dessutan har dei vel den beste kartsamlinga, om vi ikkje reknar med Kartverket. Turistforeninga skil seg også klart ut med dei fine barnesidene. Suksessen Barnas Turlag har sine eigne Turbosider.

Jaktterreng
er det Statsskog som er best på, men i tillegg bør den interesserte følge med i annonsar på Jeger og Fisk sine sider.


Jaktmoro
Dei ivrigaste har vel allereie avlagt skyteprøva. Har du det ikkje, kan du teste ferdigheitene dine på nett. Med 50 kuler til disposisjon kan du gå på virtuell villsaujakt

Visste du at….
Kun 15% mener det bør bli lettere å få tillatelse til å bruke motorkjøretøy i norsk utmar
k.
Les mer >




Har du tips?
Send ein E-post dersom du har nyttige tips til denne spalta.

> prosjekt
> tekstar
> e
> nettnytt
send ein E-post
eLandhandelen