svardal@kva.no

solveig svardal
•
•
•
•
•
•
•
•
•
•
•
•
•
•
•
•
•
•
•
•
•
•
•

								
> bakgrunn Sidan 6. august har danske forbrukarar hatt ein ny muligheit til å handle direkte frå produsent, via internettprotalen www.landkoeb.dk. Landkøb har frå første sekund vore ein suksess. I løpet av dei tre første vekene har dei hatt over 600.000 klikk på sidene.

Dansk familielandbrug har satsa millionbeløp på å få etablert portalen. Investeringa er næringspolitisk begrunna: Dei ønsker å gje medlemmene sine eit verktøy slik at dei kan vere betre i stand til å møte framtidige utfordringar. No er planen at drifta skal dekkast gjennom at kvar produsent som marknadsfører varene sine via portalen betalar ein fast årleg avgift. Avgifta er sterkt subsidiert for medlemmer av DFL; andre produsentar må betale 7 gonger så mykje.

1. september var 162 leverandørar på plass med varene sine, 62 av desse er økologiske. Produkta er organisert i ulike varegrupper, og etterkvart som kunden finn fram varer kan dei anten leggast i handlekorga, og bestillast elektronisk, eller kunden får fram kontaktinformasjon, slik at han eller ho kan besøke produsenten, ikkje berre virtuelt. Målet er at 1000 produsentar vil vere tilslutta portalen i løpet av 1-2 år.

Gjennom portalen ønsker Dansk familielandbrug å bidra til å auke omsetninga av matvarer direkte mellom produsent og forbrukar. Hensikten med å kutte mellomledd er ikkje å få billegare mat, men å sette kvalitet og matopplevingar i høgsetet, og kunne tilby forbrukaren større mangfald. Portalen er eit viktig bidrag til sterkare dialog mellom produsent og forbrukar.

Portalen er utarbeidd av EcologiNet. Dei har vore på nett i 2 år, med marknadsføring av økologiske varer. I tillegg til utvikling og drift av portalen, tilbyr Ecologinet bistand med å legge ut informasjon, og dei tilbyr produsentane rimelege eigne heimesider med handlekorg, også sterkt subsidiert gjennom avtalen med Dansk familielandbrug.

Bakgrunnen for at dei no går i kompaniskap med det konvensjonelle landbruket er at dei ser felles interesser i å få opp direktesalget. Dei hevdar at det er uproblematisk at økologiske varer blir marknadsført og selt saman med konvensjonelt dyrka mat. Kunden kan sjølv bestemme.

Landkøb reknar seg ikkje som konkurrentar til årstiderne, som tilbyr abonnementsordningar på ulike matkassar, levert på døra til faste tider.


Har du tips?
Send ein E-post dersom du har nyttige tips til denne spalta.

> prosjekt
> tekstar
> e
> nettnytt
send ein E-post
eLandhandelen