svardal@kva.no

solveig svardal
•
•
•
•
•
•
•
•
•
•
•
•
•
•
•
•
•
•
•
•
•
•
•

								
> bakgrunn

> ... eit meir verdiskapande landbruk

:Solveig Svardal: 04.02.2000

Vi kan like det, eller ikkje: Utfordringane landbruket står framfor no kan ikkje lenger løysast av einsidig fokus på fleire kilo kjøtt og mjølk eller høgare prisar på produkta. Verdiskapinga og inntektene må komme gjennom ein ny måte å vitalisere gardens ressursar på. Difor treng vi også i større grad verkemiddel som stimulerer slik nyskaping. Den flinke bonden vil vere den som evnar å omstille seg til ein ny måte å tenke på, ein ny måte å jobbe på, og som greier å ta i bruk alle gardens ressursar.

Den framtidige landbrukspolitikken kan trenge eit eige verdiskapingsprogram, der kombinasjonar og mangfald, - ikkje spesialisering, einsretting og meir industripreg, er hovudkomponentane.
Inntektene i jordbruket må opp!

Inntektene bøndene i dag sit att med for å produsere mat og fellesgode er så låg at det går ut over rekrutteringa til næringa, og det forhindrar utviklinga av eit aktivt bygdeliv.

Gjennom dei siste åra har vi sett at hovudstrategien i landbrukspolitikken har vore å skape eit sterkare landbruk ved både å auke produksjonen og auke intensiteten i produksjonen. Inntektene i jordbruket har likevel ikkje auka, og det vil vere reint lureri å innbille næringsutøvarane at ein fortsett satsing på denne strategien vil føre fram til noko betre.

Verken marknadssituasjonen, den politiske situasjonen på Stortinget, internasjonale avtalar eller omsynet til å ta vare på den støtta landbruket har i befolkninga gjer at denne strategien kan halde fram.

Ta verdiskapinga tilbake!
Som eit ledd i spesialiseringa og einsrettinga av landbruksproduksjonen har vi i stadig større grad overført verdiskapande aktivitetar til andre sektorar i samfunnet. Det lokale ressursgrunnlaget har etterkvart blitt dårleg og lite fantasifullt utnytta. Svært mykje av foredlings- og omsetnadsaktivitetane som tidlegare gjekk føre seg i nær tilknyting til gardsbruka, og som skapte grunnlag for sysselsetting i eit variert næringsliv, er flytta til nærmaste by, eller i beste fall bygdeby. Bygdene vert fråflytta, kunnskap er i ferd med å gå tapt, og menneskeleg kontakt har blitt ein minimumsfaktor, - det sosiale rommet stilnar av og miljøet er ein stadig salderingspost.

Det er på tide å ta verdiskapinga tilbake, slik at vi får
> meir kreativitet og nyskaping, fleire bein å stå på
> ein meir berekraftig og etisk forsvarleg produksjonsmåte
> større fleksibilitet og betre rekruttering
> eit meir marknadsorientert landbruk
> meir valuta for pengane

Meir kreativitet og nyskaping
Meir mangfaldig ressursutnytting er historisk ikkje noko nytt. Men etter dei siste tiåras landbrukspolitikk kan det sjå ut som det er nødvendig å revitalisere både naturressursar som utmarksbeite, kunnskap om foredling av primærprodukta og måten å tenke på garden som bedrift. Både den enkelte gard og heile bygdesamfunn har mykje å vinne på å bli mindre sårbare gjennom å skaffe seg fleire bein å stå på.

Ein ærlegare produksjonsmåte
Moderne forbrukarar er opptekne av kvar maten kjem frå og korleis den er produsert. Dei er opptekne av kvalitet i vid forstand; både produktkvaliteten, produksjonsmåten og den etiske standarden. Eit større omfang av lokal foredling og omsetting av mat med kortare avstand mellom produsent og forbrukar vil på ein heilt annan måte gje forbrukaren innsyn. Mat produsert på lokale ressursar, med minst mogleg bruk av sprøytemiddel og medisinar, der husdyra blir behandla som individ og ikkje som produksjonseiningar, vil bli meir etterspurt i tida som kjem.

Større fleksibilitet og betre rekruttering
Også bønder og bygdefolk tilpassar seg nye livsmønster. Det er ikkje lenger utan vidare slik at er du eingong bonde er du alltid bonde. I ulike livsfasar vil vi ønske ulike hushaldstrategiar, og då er det nødvendig med eit fleksibelt næringsliv og eit fleksibelt landbruk. Dette er særleg viktig for å legge tilhøva til rette for nye bygdebuarar som vil vere viktige bidrag både for den samla kompetansen i bygda, men også som grunnlag for å halde i gang skular, bank, nærbutikkar og eit godt sosialt miljø.

Eit meir marknadsorientert landbruk
Norsk landbruk, til liks med landbruket i dei fleste vestlege land, slit i dag med store overproduksjonsproblem. Marknads- og produksjonsreguleringa kostar landbruket dyrt, og det er snart på tide å innsjå at vi ikkje kan effektivisere og produsere oss ut av problema. Derimot kan vi ved å i større grad tilpasse produksjonen til marknaden oppnå høgare pris. Ei ekstensivering av produksjonen, slik at kostnadene går ned, vil også kunne auke bondens forteneste. Og det er utvilsamt mykje å hente ved å tilby spesialprodukt som det er mykje større betalingsvilje for enn standard norsk kjøtt eller mjølk.

Meir valuta for pengane
Vi brukar betydelege offentlege midlar på norsk landbruk. Det er både nødvendig og ønskeleg dersom vi skal kunne brødfø eige folk og i tillegg oppnå distriktspolitiske, miljøpolitiske og beredskapsmessige mål. Norsk landbruk har i dag ei sterk støtte blant folk flest, hovudsakleg på grunn landbrukets produksjon av slike fellesgode. Denne støtta må landbruket ta vare på, og utvikle eit landbruk som gir mest mulig valuta for pengane. I form av busetting og sysselsetting, kulturlandskap og opplevingsverdiar. Det krev ein ny verdiskapingsstrategi for landbruket, der kombinasjonar og mangfald, - ikkje spesialisering, einsretting og meir industripreg, er hovudkomponentane.

Framtidslandbruket treng eit verdiskapingsprogram!
Den flinke bonden vil vere den som evnar å omstille seg til ein ny måte å tenke på, ein ny måte å jobbe på, og som greier å ta i bruk alle gardens ressursar. Eit verdiskapingsprogram for landbruket bør bygge på:

> Kartlegging av flaskehalsar som hindrar nyskaping
Til ein viss grad er det framleis slik at regelverk og firkanta tolking av det står i vegen for nyskaping. Det er viktig med ein grundig gjennomgang av alle flaskehalsar og ei vurdering av korleis desse problema kan løysast.

> Kompetanseutvikling
Dei nye kompetanseutviklingsprogramma for landbruket må ha som utgangspunkt at framtidas bønder og bygdefolk vil møte heilt nye utfordringar. Bonden må i større grad utdannast til å kunne takle endringar, få til nyskaping og tileigne seg ny kunnskap etter behov.

> Infrastruktur og ny teknologi
Den enkelte må kunne tileigne seg ny kompetanse etter behov og ønske, der den enkelte bur, til det tidspunkt som passar best. Dei nye teknologiske hjelpemidla vi har gjer dette mogleg, og ei utbygging av denne infrastrukturen vil vere uvurderleg i ein framtidsretta distriktspolitikk. Det er likevel ikkje tilgangen på ny teknologi som vil vere begrensande, men om vi evnar å omstille oss til ein ny måte å organisere oss og jobbe i nettverk på.

> Samspel mellom kapital og kompetanse
For å komme vidare med nyskapingsprosjekt som ligg i startgropa, må det skapast møteplassar mellom idear og kapital. Offentleg risikovillig kapital må samspele med aktive private og samvirkeorganiserte eigarar, langt utover den tradisjonen som i dag ligg i bruk av bygdeutviklingsmidlane.

> Ny politikk for det tradisjonelle landbruket Skal vi framleis ha eit miljøvenleg småskalalandbruk over heile landet må vi også ha eit støttesystem som verkeleg kompenserer for ulike kostnader knytt til ulike produksjonsmåtar, distrikt og driftsomfang. Alle prioriteringar i motsett retning vil vere ei svekking av distrikts- og småskalaprofilen i landbruket vårt, og vil vere ein nødvendig plattform for framtidig verdiskpaing.

> prosjekt
> tekstar
> e
> nettnytt
send ein E-post
eLandhandelen